skip to Main Content

Tveiten Bær

- Bringebær -
Tveiten Bb8
Tveiten Bb8
Tveiten Bb9
Tveiten Bb7
Tveiten Bb6
Tveiten Bb5
Tveiten Bb4
Tveiten Bb2
Tveiten Bb3

Garden vår ligg idyllisk til like ved den indre farleia i Alversund. Her har det vore produsert mat av ulikt slag i generasjonar.  Alt frå grasproduksjon, blomar, poteter, grønsaker, frukt,  og no bringebær.

I tillegg har vi rundt 25 vinterfòra villsau som byter på å vera her heime på garden og på Tveitøy som ligg i Alverstraumen. Vi er ein familie på 4, men ein gut og ei lita jente som syns det er stas å vera med på alt som skjer gjennom heile året hos oss. Vi prøver stadig ut nye ting vi kan dyrka her hos oss, alt frå poteter, ulike grønsaker, urter, bær osv.

Her har vi ein liten gardsbutikk der ein kan finna eigenprodusert syltetøy i ulike variantar. Bringebærsyltetøyet er ein stor favoritt blant kundane i tillegg til andre typar som, chilimarmelade, aprikosmarmelade, eplemos osv. Vi har også dagar der vi har bakerivarer som brød, rundstykke, bollar, knekkebrød og liknande . Vi har andre lokale produsentar som leverer kvalitetsvarer til butikken også, her kan ein finna blant anna, spekemat, egg, eplemost, krydder/urter, sjokolade og ein del handarbeid.

Slutten av sommaren er det høgsesong for bringebær hos oss! Då kan ein få kjøpt nyplukka store Glen Ample bringebær rett frå garden her hos oss. Vi legg stor vekt på kvalitet på bæra våre, dei skal vera ferske, sjå bra ut og ikkje minst smaka himmelsk! Bæra er veldig gode som dessertbær, men også veldig godt eigna som syltebær og til frysing. Me er også aktive på ulike arrangement rundt i distriktet på torgdagar osv. Dette opplyser vi om på Facebooksida vår.

FAKTA:

BÆR: Bringebær

SORT: Glenn Ample + litt Varnes

AREAL: Ca. 1 dekar

SESONG: Ca. slutten av juli-slutten av august

GARDSBUTIKK: Prestebrekka 8.

SJØLVPLUKK: Nei

KONTAKT:

PERSON: Trude Isdal & Thomas K. Fosse

RING: +47 416 79 656/+47 996 30 400

ADRESSE: Prestebrekka 8, 5911 Alversund

Back To Top