skip to Main Content

Torbjørnsgarden

- Bær -
Torbjornsgard Featured Image5
Torbjornsgard Featured Image5
Torbjornsgard Featured Image4
Torbjornsgard Featured Image3
Torbjornsgard Featured Image8
Torbjornsgard Featured Image2
Torbjornsgard Featured Image1
Torbjornsgard Featured Image7
Torbjornsgard Featured Image9
Torbjørnsgarden ligg idyllisk til i Hardangerfjorden på Omastrand, med utsikt mot Omaholmen, som er eit av dei mest fotograferte objekta i området.
Garden vart kjøpt i frå Baroniet i Rosendal i 1917 av oldefar min Torbjørn Torbjørnson. Torbjørn har vore eit mykje brukt navn på bebuarane på garden og derfor har garden blitt kalla Torbjørns, eller «Tøbjønn’s» som dei lokale seier. Tilbake på 1300 tallet så var dette heimen til Ridder og Sysselmann Ivar Slede som var gift med Ingrid Torbjørnsdatter.
Garden har drevet med bringebær i over 45 år og med frukt endå lengre, og er ein av dei eldste bringebærprodusentane i Hardangerfjorden.
På garden driv me med direktesalg av ferske og frosne bringebær, i tillegg til ein fantastisk god eplemost.
Bringebæra vi har idag er av typen Glen Ample, mens i tidligare tider så var det Veten. Glen Ample er eit stort og flott bær som egnar seg like godt til å fryse som å bruke det nyplukka. Godt til sylting, safting, smoothie og pynt. Med eit stort fryselager og eit stort kjølelager så kan du få bær herifrå nærast året rundt.
I nærheita har vi også ein flott offentleg badeplass og ei sykkel løype som kan ta deg til Strandebarm, der vi har Strandebarm Idrettspark og Strandebarm Sportell.
Vi har småbarnsfamilier som kjem her år etter år på sjølvplukk, og som sjølv var her som barn med sine foreldre, for å gje ungane sine dei samme gode sommarminner som dei har sjølve.
Så ta turen innom å få ein smak av Omastrand.
Følg oss også på facebook der vi kaller oss Omabær.

FAKTA:

BÆR: Bringebær, Glen Ample

FRUKT: Epler

SESONG: Juli – November

KONTAKT:

PERSON: Nils Erlend Rognehaug

RING: 97775299

MAIL: nilserlend@hotmail.com

ADRESSE: Oma-Åse 5, 5632 Omastrand

Back To Top