skip to Main Content

Molvik

Frukt og bær
Slette Jordbær
Slette Jordbær
Oversikt Karusell
Slette Eple
Slette Jb
Slette Bring Felt

Slette er ein liten bær / fruktgard i Molvik kor me dyrkar ulike bær og fruktslag for direktesal. I tillegg har me og 10-12 vinterfora sauer. Nytt av året er tre bikubar som har fått sin plass på garen. Me er tredje generasjon som driv garden. Dette er eit familiebruk, kor me står for alt arbeidet utan innleigd hjelp. Så lenge barna budde heime tok dei del i drifta og hadde sumarjobb på garen.  Fordi den er liten, må me nytte  dei ressursane som er. Me kan  ikkje dyrke like effektivt som på ein stor gard, men med litt entusiasme og kreativitet får me utnytta det me har av areal på ein god måte. Mellom anna har me ikkje noko jordbær i vanleg åker, men dyrkar i kasser på oppbygde stativ.  Fram til 1990 var dette ei bygd utan veg. Frå tidleg på 1950 talet og fram til 2003 omsette me produkta våre frå torgplass  på Frukttorget i Bergen.  Fram til 1990 vart varene frakta med båt til Bergen. Etter at vegen kom, har me  fått mykje omsetning direkte frå garen. I tillegg har me no torgplass i Knarvik senter . På denne måten får kundane dagsferske bær, og nyplukka frukt gjennom heile sesongen.

FAKTA:

BÆR & FRUKT: Jordbær, Bringebær, Hageblåbær, Rips, Solbær, Moreller, Plommer, og Eple

SORTAR: Me har ulike sorter, og for fruktproduksjonen gjer dette at me får ein lang sesong, frå tidlegplommene i august til dei seinaste i midten av september. Me har og både tidlegepler, og seine sorter som kan lagrast utover hausten.

SALSINFO: Me har salgsplass inne i Knarvik Senter (på torget v/Dressmann) Stort sett på fredagar/laurdagar, men og andre dagar  ved behov. Salet startar litt ut i jordbærsesongen, og held på til ut i september når plommene er ferdige.

Me leverer  mykje bær heime. Då stort sett etter bestilling. Har me til overs sel me og direkte om nokon kjem innom.

KONTAKT:

KONTAKTPERSONAR: Sonja og Odd Molvik

RING: +47 56 35 41 03, +47 478 55 513

MAIL: sonja.molvik@gmail.com

ADRESSE: Molvikavegen 532 5993 Ostereidet

Back To Top