skip to Main Content

Fusabær

- Bringebær -
IMG 4677
IMG 4677
Vegsal
Ber  W
Frokost
Gule
Plukking
Snop
Tunet
Vaffler
Veg  W

Me ynskjer alle velkomne til gards for ein triveleg bringebærhandel hjå Fusabær.

Me oppmodar til førehandstinging for å sikra at me kan levera når de kjem. Mengde bær me klarar å plukke per dag, varierer rundt kapasitet, vêr og modning – så om du førehandstingar; hjelp du oss å planlegga plukking og vidare syta for at alle som ynskjer Fusabær får når det høver best.

Me leverer også på Os/Hatvik/Eikelandsosen/Nesttun/Bergen etter avtale og ved nok bestillingar – Dette vert vidare annonsert på facebook sida vår.

Fusa bær held til på Foer gard ikkje langt frå ferjeleiet Hatvik-Venjaneset.  Vegen ut til Strandvik/Håvik går gjennom gardsbruket og gardstunet ligg ved vegen, så det er lett å finna fram.

VELKOMEN!

Kort om garden:
Garden, eit lite småbruk etter dagens målestokk. Denne garden kan sporast å ha vore i slekta si eige gjennom mange generasjonar heilt tilbake til 1500 talet.  Her har det vore sau, geit, kyr, gris, høns, korn, frukt, bær og litt grønsaker.

I 70 åra vart det meir og meir fokus på mjølkeproduksjonen og då ikkje minst med å henta og hausta gras på andre småbruk og her har vore mjølkeproduksjon heilt fram til 2009, då avgjersla om å slutta med mjølkekyr vart teken.

Det vart tenkt på andre produksjonar som det kunne startast opp med.  I 2012 vart me einige om å satsa på bærdyrking, svært aktuelt sidan det hadde vore sal av bær frå bruket i tidlegare tider.

2013 vart brukt til førebuing og opparbeiding av åker og våren 2014 kom dei 4 fyrste radene med bringebær på plass. Og i 2015 var me endeleg i gang med sal av nyplukka bringebær rett frå garden.

Plantene veks svært godt i den gode jorda dei var planta i, og dermed balla det på seg med utviding av feltet.  I dag er det 9 rader med frodige bringebærplanter.

Me trivast godt med denne drifta og set stor pris på kvar og ein som bestiller bær, kjem innom tunet eller plukkar med seg nokre korger langsvegsalet.

FAKTA:

BÆR: Bringebær

SORT: Glen Ampel

AREAL:

SESONGSTART: Ca. 15. juli, men dette vert annonsert på Facebook kvart år

SESONG: Varar i ca 4. veker

KONTAKT:

PERSON: Synneva Storli | Eivind Storli

RING: S: 45 88 12 28 | E: 97 16 86 50

MAIL: synnevas@gmail.com

ADRESSE: Vinnesvegen 80, 5641 Fusa

Back To Top