skip to Main Content

Børve bær

- Bringebær -
Borve Plukking2
Borve Plukking2
Borve Bb1
Borve Besok
Borve Plukking
Borve Bb4
Borve Bb2
Borve Frys

Børve Gard ligg plassert på Børve, midt mellom Norheimsund og Øystese. Garden ligg med ei fantastisk utsikt over Hardangerfjorden og Folgefonna.

Me har spesialisert oss på bringebærdyrking og kan levere store, smakfulle bær året rundt. Tilsaman har me 6 dekar med bringebær. Me har både sjølvplukk og kan levera ferdigplukka bær.

Når blomane har utvikla seg til fyldige bringabær i store klasar, er Børvebær absolutt verdt eit besøk.  Ta ein fin familietur til Børve.  Bærplukking er hyggjeleg, nyttig og morsamt. Plukk dine eigne bringebær og lag noko godt når du kjem heim. Berre for moro skuld!

Etter ei forklaring på korleis og kor du skal plukke bringebæra, får de ei bøtte eller korger som etterpå vert vegne. Me har også moglegheiter for barna at borna kan få leike på leikeplassen, mens foreldra plukkar. Når du har fylt opp nok korger, er det opp til deg sjølv kva du vil bruka bæra til. Kanskje ein god dessert ? Det går også an å lage heimelaga saft – eller det mest vanlege: heimelaga syltetøy. Kom å plukk bringebær sjølv, drikk kaffi og la ungane leike! 

Børvebær er open fra bæra er modne til sesongen er over.
Sjekk nettsida og facebook for å avtala plukking dei neste dagene.

Elles på garden har me epler og plommer.

FAKTA:

BÆR: Bringebær

SORT: Glen Ampel

AREAL: 6 dekar

SESONG: ca. 20. juli til 30. august

SJØLVPLUKK: Ja

UTSAL: Børvevegen 105 – Evt. Levering etter avtale

KONTAKT:

PERSON: Jan Tjosås

RING:  +47 920 18 912

MAIL: jtjosaas@online.no

ADRESSE: Børvevegen 105, 5610 Øystese

Back To Top